Reglar om øvingskøyring

Berre den som har gjennomførd trinn 1 - trafikale grunnkurs, har lov til å øvingskøyre. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kursa i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse sjølv om du ikkje har fylt 15 år.

Du kan øvingskøyre utan å ta trafikalt grunnkurs dersom du

 •          har førarkort i ei anna klasse eller mopedførarbevis

 •          er over 25 år

 NB! Alle må ta mørkekøyring og fyrstehjelp før oppkøyringa!

 

Elev og Ledsager

For å øvingskøyre med bil, må du vere 16 år. Ledsageren må vere fylt 25 år og ha hatt førarkort for bil samanhengande dei siste 5 årene. Det er Ledsageren som er ansvarleg for køyringa, men du som øvingskøyrar har også ansvar. Du har ikkje lov å øvingskøyre dersom politiet har gitt deg sperrefrist for førarkort.

Bilen

Når du øvingskøyrar privat, må bilen vere merka bak med eit godt synleg raudt L på kvit bakgrunn. Bilen må ha ein ekstra spegel som gir ledsageren tilstrekkeleg utsikt bakover.

Kvar kan du øvingskøyre?

Det er lov å øvingskøyre alle stader i landet. De må alltid velje eit øvingsområde som passar til ditt ferdighetsnivå!

Unngå øving i tett trafikk og høy fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen. Du kan ikkje øvingskøyre i utlandet!

Kursbevis og legitimasjon

Når du øvingskøyrar privat, må du alltid ha med deg bevis for fullført trinn 1 - trafikale grunnkurs og gyldig legitimasjon.

Tek du trafikalt grunnkurs i tida 16. mars – 31. oktober utan å få gjennomførd mørkekøyring, er beviset gyldig berre i tida 16. mars - 31. oktober. Når du har gjennomførd mørkekøyringa, får du tilsendt nytt bevis som gjeld heile året, frå Statens vegvesen. Mørkekøyringa er ein viktig del av føraropplæringa som alle bør ta så tidleg som mogleg. (Tok du trafikalt grunnkurs utan mørkekøyring før 2009, er ikkje beviset ditt tidsavgrensa.)

Husk! Ha alltid med legitimasjon med bilete, eventuelt førarkort eller mopedførarbevis, når du øvingskøyrar!

Har du fleire spørsmål om øvingskøyring eller trenger du hjelp? 
Kontakt oss:






ledsager soverSom ledsagar har du 100% ansvar - følg med!