Dagleg leiar, Fagleg leiar og Trafikklærer ved DRIVE Trafikkskule AS

 

Hei! 
Mitt namn er Cindy Bentz Pedersen, eg er både Trafikklærer og Dagleg Leiar ved DRIVE Trafikkskule AS.

I 2002 flytte eg frå Tyskland til Noreg og har jobba som sjukepleiar på forskjellige institusjonar på Sunnmøre. Eigentleg synest eg at eg jobba i eit flott yrke, men etter kvart fekk eg eit ønske om å gjere noko meir og helt anna. 
 
Derfor starta eg som student ved HINT Trafikklærerutdanning i Stjørdal. I juni 2012 var eg etter to år på høgskulen ferdig utdanna Trafikklærer.

Sidan eg starta i det nye yrket mitt har eg møtt på mange fantastiske ungdomar / godt vaksne og stortrivst med det eg gjer no!


Og tru det eller ei - eg har framleis godt nytte av sjukepleiarkompetansen min :) noko eg synest er veldig kjekt!

Som Trafikklærer ved DRIVE Trafikkskule vil eg gi deg ei professionell og effektiv trafikkopplæring, slik at du blir ein flink og trygg sjåfør i framtida.

Mitt mål er at du trivst i timane våre, at du lærer masse og ikkje minst består førarprøven ved fyrste forsøk! 
 
Ps.: Gjerne fortel meg dersom du har spesielle behov, så blir det så mykje lettare å tilpasse opplæringa til deg.

 

 

Gjerne ta kontakt om du lurer på noe: