Nokre råd til øvingskøyring

 
Det å få lov til å begynne å køyre bil er for mange ei spennande og stor utfordring. Det er ei krevjande oppgåve å ta fatt på både for ledsager og for den som skal lære, og derfor er det viktig at vi gjer dette til ei hyggjeleg og lærerik oppleving.


Motivasjon

 
Det er viktig å oppretthalde motivasjonen hos den som skal lære. Køyretreninga skal vere lystbetont, sørg for at det er bra stemning i bilen og at begge trivst.


Ver vennleg, klar og tydeleg

 
Kjefting resulterer aldri i god læring, og ironiske kommentarar er langt over kva eleven er i stand til å oppfatte når all tankekapasitet er konsentrert om køyringa. Men gi for all del ros og fortel kvifor du synest noko er bra.

 
Ikkje alt er like lett

 
Alt som for deg no verkar lekande lett, kan verke nesten uoverkomeleg stressande eller vanskeleg for eleven. Som for eksempel bakkestart, vite om de er på forkøyrsveg eller ikkje osv.….
Ver derfor såg konkret og direkte som mogeleg i den tidlege fasen. Forklar kva som skal gjerast, og korleis det skal utførast.


Øvingsområde

 
Inntil eleven begynner å få «automatisert» pedalar, gir, ratt, blinklys og fartsavpassing, bør køyringa skje på svært lite trafikkerte stader og tidspunkt.
Før dykk startar køyring på ein trafikkert veg må eleven kunne nødbremse på ledsager sin ordre. Det er heller ingen grunn til å trene midt i byen eller på motorvegen i rushtida før eleven beherskar bilen fullt ut.


Sett overkomelege mål

 
Sett overkomelege mål for dagens trening. Gå gjerne gjennom kva dykk skal gjere i teorien fyrst, slik at både elev og ledsager er godt kjent med det som skal trenast.
Start kvar treningsøkt med repetisjon av kjende ting, og utvid gradvis området og vanskegraden. Vent med rygging og parkering - det er viktigare å lære seg å halde kontroll på køyretøyet under vanleg køyring.
Også er dagsforma avgjerande. Dersom repetisjonen går dårlegare enn forventa, gjer noko som er enkelt og kjend frå før.


Gi gradvis nye utfordringar

 
La eleven etter kvart finne løysingane sjølv. Då lærer han mest effektivt. Men ver likevel tydeleg når du skal gi tilbakemeldingar. Bruk gjerne påminningar og spørsmål før konkrete situasjonar, så eleven veit kva som er viktig å tenkje på.
Når eleven begynner å få betre kontroll er det lurt å kombinere øvingskøyringa med turar som likevel ville blitt køyrt, for eksempel til og frå hytta, handletur, bringing og henting frå fritidsaktivitetar.
Når det går litt «over stokk og stein» kan du sjølv be eleven vurdere kva som kunne vore gjort annleis.

 

Ulukkesrisikoen ved øvingskøyring

 
Ulukkesrisikoen ved øvingskøyring er faktisk lågare enn ved vanleg køyring. Om eit lite uhell likevel skulle hende, ikkje bli sint, men sjå heller på dette som ein av dei beste læringsprosessane eleven kan få. Det er betre med ein bulk eller to no, enn totalvrak seinare, eller kva? Berre pass på å køyre igjen så snart som mogeleg, så ikkje uhellet blir ståande som ei uoverkomeleg skrekkoppleving i månader og år etterpå.