Å lære å kjøre bil    

DRIVE Trafikkskule jobbar aktiv mot 0-visjonen, vårt største ønskje er at ingen av elevane våre skal bli drepe eller hard skadt i ei trafikkulukke! Heller ikkje skal nokre foreldre vere nøydd til å oppleve å miste barnet sitt i trafikken! Derfor jobbar vi aktivt med læreplanen for klasse B som er utarbeidd av Vegdirektoratet.                                                                               

 

Vår nyeste bil er en Mercedes C klasse med automatgir. Bilen er lettkjørt og oversiktlig. Hvis du synes at det er vanskelig å kjøre bil med manuell gir er dette her akkurat den løsningen du trenger! 
Hvis du senere har lyst å kjøre bil med manuell gir trenger du kun en ny oppkøyring.

Opplæringa for klasse B blir gjennomført i 4 trinn:

Trafikkskulane si opplæring/undervising er delt inn i fire trinn, og eleven gjennomfører opplæringa gradvis ved å gå frå enkle til meir krevjande øvingar etter kvart som han/ho blir dyktigare.

 

På alle trinn er det deler med obligatorisk opplæring med fastsette timetal som alle må gå gjennom. Den obligatoriske delen skal sikre at alle førarar har dei felles grunnleggjande kunnskapane som er ekstra viktige for trafikktryggleiken. Læreplanen seier kva andre mål som skal nåast på dei ulike trinna. Kunnskapane, ferdighetene og innsatsviljen til eleven fastset kor mykje opplæring han/ho treng for å nå desse måla.

Trinn 1 er trafikalt grunnkurs som skal gi eleven grunnleggjande forståing for trafikk og perspektiv på førarrolla. Grunnkurset er felles opplæring for dei lette førarkortklassene. Eleven vil lære meir om seg sjølv enn om trafikkreglane. Det blir lagt vekt på risikoforståing og konsekvenstenking. Samtaler, diskusjonar og problemløysing vil prege forma på kurset. På denne måten ønskjer myndigheitene og trafikkskulane å hjelpe eleven til å bli ein medviten og ansvarleg førar og få han/ho med på laget for å bidra til reduksjon av trafikkulukker. Kurset er på 17 timar og obligatoriske.

Trinn 2 handlar om grunnleggjande køyretøy- og køyrekompetanse. Eleven lærer å kjenne, kontrollere og ha tilsyn med køyretøyet. Opplæringa skjer i rolege omgivnader og eleven lærer køyretekniske ferdigheter. Trinnet blir avslutta med ein obligatorisk trinnvurdering ved trafikkskulen for å sikre at eleven har nått måla for øvingane. Dette er viktig for at eleven skal få utbytte av øvinga på trinn 3.

Trinn 3 trafikal del, er den vidare opplæringa der eleven skal lære seg å meistre køyring i variert trafikk, slik at han/ho kan køyre mest mogeleg sjølvstendig, øve på trafikal dyktighet. På dette trinnet er det eit 4 timars obligatorisk sikkerhetskurs på bane. Kunnskap om bestemmelser i vegtrafikklova er også nødvendige. Dette trinnet blir avslutta med ein obligatorisk trinnvurdering ved køyreskulen for å stadfeste at eleven kan gå vidare til trinn 4.

Trinn 4 er den avsluttande opplæringa som er retta mot risikoforståing og innsikt i trafikken som system. Eleven skal vere så dyktig at han/ho har nått målet for heile opplæringa. Det vil seie at eleven viser vilje til å ta ansvar, tek forholdsreglar når han/ho køyrer, og samarbeider i trafikken. På dette trinnet må eleven gjennomføre eit 13 timars obligatorisk sikkerhetskurs på veg.

Eleven har nått måla når han/ho beherskar kunnskapane og ferdighetene på alle tre trinna i opplæringsmodellen. Det er tillate med privat øvingskøyring med ledsager utanom dei to obligatoriske sikkerhetskursene på bane og veg.

Den praktiske opplæringa blir tilpassa etter ferdigheitane dine, slik sikrar vi at du får den opplæringa du har behov for.


 

Meld din interesse, eller still oss et spørsmål: