Kjære foreldre og Ledsager!

  

No er den flotte ungdomen din i huset snart voksan. Tenåra er ei fantastisk og spennande tid, samtidig krev denne tida mykje av oss vaksne som gode rollemodellar.

 Vi trafikklærar er så heldige at vi får tett kontakt med mange ungdomar og vi har stor påverknadskraft med hjelp av undervisingsmetodane våre. Men vår tid med dei er avgrensa til undervisningstimane. 

Du som foreldre eller ansvarsperson har størst moglegheit til å påverke barna dine, ved å vere ein god rollemodell skaper du gode haldningar. Gode haldningar vil også vere synlege i trafikken og vil føre til ein låg ulukkesrisiko.

Vi ønskjer at de foreldre viser gjennom eiga køyring korleis ein oppfører seg i trafikken, vis at ein må ta omsyn til andre, at ein må vere ekstra forsiktig i forskjellige situasjonar og at de passar på alt som skjer rund bilen.

Barn har ein tendens til å "etterape" rollemodellane sine og dermed har de ein utruleg viktig jobb når det gjeld ulukkesrisikoen til ungdomane i trafikken.

Vi i DRIVE Trafikkskule ønskjer å samarbeide med dykk og ønskjer dykk hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom de lurer på noko eller vil vere med i nokre køyretimar.

Hugs at øvingskøyring så tidleg som mogeleg minskar ulukkesrisikoen drastisk i tida etter bestått førarprøve, så prøv dykk fram så fort de har moglegheit.

Gjerne ta kontakt med oss for å få råd eller for å starte med køyretimar. Dess tidlegare de startar opplæringa i ein trafikkskule desto meir tryggleik og kvalitet vil de ha under øvingskøyring.

Sjølv om de berre rekkjer små køyreturar, vil ungdomen samle verdifull erfaring i trafikken. Dess meir erfaringar ungdomen samlar under tryggje rammar, desto flinkare og tryggare blir han når han har fått førarkortet.

                      VI BRYR OSS! 

Foreldre og andre Ledsager er hjarteleg velkomen til å være med i enkelte kjøretimar.


Ta kontakt